Jens Lindberg
Jens Lindberg (15. april 1893–22. august 1950) var ein norsk filolog frå Elverum som arbeidde for mål- og kulturreising.
Lindberg utdanna seg i faga norsk, engelsk og latin. Sidan utvida interessa seg til tysk og gresk, og gjennom studieopphald i Tyskland og England tileigna han seg kunnskap om både språk og litteratur i desse landa. Seinare sette han seg grundig inn i semittiske språk, og omsette mellom anna persisk lyrikk til norsk. Lindberg var formann i Studentmållaget hausten 1920. Som formann tok han del i skipinga av studentbladet Fram i samarbeid med Mot Dag. Han gav ut Ivar Aasens folkeminnesamling Norske Minnestykke, og sluttredigerte Olav Aukrusts posthume diktsamling Solrenning (1930) saman med enkja Gudrun Aukrust.[1]
Sjukdom og ei særs kritisk innstilling førte til at han gav ut få arbeid. Under andre verdskrigen deltok han i illegal verksemd, og rømde sjølv til Sverige.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jens Lindberg In Memoriam i Syn og Segn, årgang 1951.
- Skirbekk, H. (1957). Lindberg, Jens. I Norsk Allkunnebok. VIII. bandet (s. 141). Oslo: Fonna Forlag.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Birkeland, B. (1991). Den nye lyrikkgenerasjonen. I E. Beyer (Red.), Norges litteraturhistorie. Bind 4. Fra Hamsun til Falkberget (s. 678). Cappelen: Oslo.